FRITIDS-AKTIVITETAR KAN GJE DEG NETTVERK

André (14) trur at jentene kan vere betre til å snakke om einsemd. Sjølv meiner han at å vere ein del av eit idrettslag kan gjere det enklare å kome i kontakt med andre.

Foto: Siri Skaustein

I år inviterer VG-lista ungdom i Noreg til å vere låtskrivarar. Ord og setningar frå ungdom over heile landet skal samlast inn og bli brukt som inspirasjon til årets viktigaste låt. Temaet er einsemd.

– Det er ikkje ofte eg kjenner meg einsam, og eg trur det er mykje fordi eg spelar fotball. Der treff eg nye folk og får fleire vener. Om nokre kjenner seg einsame, er mitt beste tips å starte med ein slik type aktivitet, seier André.

– Dersom eg var einsam og åleine, ville eg nok snakka med familien min eller nokre av dei beste kameratane mine. Jentene er ofte flinkare til å prate om kjensler, og klemmer på kvarandre heile tida. Men eg har kompisar eg kan prate med om eg treng det.

– Det er nok fleire enn ein trur som er litt einsame, for eg er ikkje sikker på om det er noko ein vil seie høgt. Difor er det fint at det blir skrive ein song om det, som alle kan få vere med på heilt anonymt. Mine favorittartistar er Karpe, dei snakkar om kjensler på ein god måte.





2E3149F4-CDDA-423F-83C3-203D014DA78D.JPEG

Foto: Siri Skaustein

Foto: Anthony Delanoix

anthony-delanoix-15928-unsplash.jpg

Del dine tanker og bli med på å lage årets viktigste låt HER

Trykk her for å lese mer

VG-lista Topp 20 er Skandinavias største konsert og har opp mot 100 000 publikummere på Rådhusplassen i Oslo og turneen hver sommer.

VG lista logo-01.png